Eg var kroket, skeiv og slakke, heile livet gjekk på skakke,
Det skal jammen helsa til å ha ei helsa slik som eg
Folk sa:"Gå til Homøpaten", andre: "Turnuskandidaten"
Var så vidt eg fekk svelt maten, eg var som eit visna nek
Så eg tok min tohjulstraktor, durte rett til kiropraktor, ein med høg fakturafaktor, som tok spenntak og knakk til
Kjende heila ramma skralla, i bihulene det gjalla
Og så sto eg der å svalla, var heil bak fram og opp ned
Så eg nekta å betala, eg fekk varsel om inkasso
Men kroppen min var vridde som et bilde av Picasso
Eg våga ikkje nysa, eg er redde det kan ramla av ein fot
Eg er verken verre eller betre, snarare tvert i mot
Det var såvidt eg fekk svelt grauten, du, eg følte meg litt nauten fór te fysioterapeuten, klar te å ta tukt
De var nett som i ein thriller, ho var reine, skjere killer, blei balla inn i heite filler, eg var sikker eg blei kokt
Ittepå så blei eg knadde, så eg trudde eg blei skadde
Snart ho kobla meg på nettet, elektrodane sat tette
Eg vibrerte rundt på brette, -som ei hesja uten høy
Eg er verken verre eller betre -men du, det va ganske gøy Eg er verken verre eller betre, snarare tvert i mot
Så gjekk eg til homeopaten, ho sa at eg var som spinaten i den astrologiske salaten, fødd i hummarens tegn
Ho hoppa rundt med fjør i øyra, ho begynte å forhøyra meg om knutar i min oppvekst og mine tidlegare liv
Så var det oljer og litt Enya, det blei meir og meir fanatisk
Så skulle ho lera meg å hogga ved med levra, telepatisk
Har kjøpt ein biodynamiske tannpirkar laga av ei ginseng rot
Eg er verken verre eller betre, snarare tvert i mot
-Torolf Nordbø
tirsdag 10. august 2010
SNARARE TVERT I MOT
Jeg skal straks til min fysioterapeut, som forøvrig er en meget dyktig sådan. Har vært borti litt av hvert av behandlere oppigjennom, og derfor tar jeg her med en morsom tekst om temaet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar