torsdag 12. april 2012

Barn, ikkje tenar

No skal du få vere barn, og ikkje tenar
No kan du vere liten, ikkje stor
Ingen spør deg kva du syns og kva du menar
det e'kje du som skal forsvare Mitt ord

No skal du få sleppe hendene dine langs sida
du må'kje tru at du skal bere meg
Som om eg må holdast oppe heile tida
ikkje gløym at det er eg som bere deg.

No skal du få vere svak, legg bort din styrke
Eg lever fortsatt, sjølv når du er død.
Det er faren når mitt ord har blitt ditt yrke:
du tenker mest på alle andre du skal fø.

No skal du få lov å lytte, ikkje tale
no kan du ta imot, og ikkje gje
Du kan gråte ut for alt som har gått gale
eg vil holde deg og gje deg av min fred.

Eg ropar igjen, har prøvd så monge gonger:
Eg elskar deg, mitt barn, eg elskar deg!
Du er ikkje uunnværlig som min tenar
men som barnet mitt er du umistelig.
Av Sølvi Hopland

torsdag 2. februar 2012

Salme 23

Fjoråret var et innholdsrikt år på mange vis. Det var et år med kontraster, med opp- og nedturer. Ved flere anledninger ble jeg hilst med salme 23, en salme som er svært godt kjent, men som stadig kan gi ny mening. For meg er det viktigste å ta med at jeg har et mål, en hvile i vente, men også at jeg er på vei. Og på denne veien kan jeg gå i trygghet, selv om terrenget varierer. Innimellom tunge etapper, er det pauser og tid for hvile og rekreasjon.


Her gjengir jeg salmen med den nynorske oversettelsen fra 1938.
Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila. Han kveikjer mi sjel, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. Endå um eg skulde ganga i daugeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg. Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup. Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine levedagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.